Introduksjonsprogrammet

Introduksjonsprogrammet omfattar

  • Undervisning i norsk med samfunnskunnskap
  • Språkpraksis

Programmet skal gå over full tid i inntil to år, og kan, dersom det er behov for det, utvidast til tre år.
Per dags dato har vi åtte personar som deltek i introduksjonsprogrammet

Norskundervisning
Alle vaksne flyktningar mellom 18 og 55 år deltek i norskundervisninga. Dei får tilbod om 300 timar undervisning, og dersom det er behov for det, kan dei søke om meir. Som ein del av undervisninga, har dei også krav på 50 timar undervisning i samfunnskunnskap, som skal gjevast på eit språk den einskilde flyktning forstår.
Undervisninga skal føre fram til dei nasjonale språkprøvene, språkprøve 2 og/eller 3, avhengig av individuelle mål og progresjon.

Språkpraksis
I den fyrste tida etter programstart, får flyktningane språkpraksis internt i Telemark Lys AS, der dei tek del i ulike praktiske oppgåver. Her trenar dei mykje på det norske språket og lærer norske arbeidsrutiner. Når dei kan gjere seg forstått på norsk, vil dei kunne få språkpraksis i andre bedrifter i kommunen.

Ansvarleg for norskundervisninga:

Martha S. Momrak

e-post: marta@telemarklys.no
Tlf. 35 06 79 00 Mobil: 917 77 047