Verkemidlar og metodar

For å nå måla, kan vi for eksempel gjere bruk av:

  • Karriererettleiing
  • Individuell rettleiing og samtaler
  • Handlingsplan med konkrete mål (Dette må alle deltakarar utarbeide)
  • Interne tilbod, som helse- og kosthaldsrettleiing eller kartlegging av, og hjelp med lese- og skrivevanskar med meir
  • Samarbeid med aktuelle fagmiljø utanfor bedrifta

Vi brukar mellom anna desse metodane i arbeidet:

  • Aktørmodellen (som byggjer på teorien om at det er kvar enkelt som må ta eigne val, vi skal vere rettleiar og støttespelar)
  • Løftmetodikk
  • Motiverande intervju