Om oss

Telemark Lys AS ligg i Fyresdal i Vest-Telemark. Det har vore ein arbeids-, inkluderings og integreringsbedrift i mange år.

Vi har eksistert som eige aksjeselskap sidan 1993, og er 100 % eigd av Fyresdal kommune.

Vårt mål er å gjere ein best mogleg jobb for å medverke til at fleire beheld arbeidet eller kjem ut i arbeid. og at flyktningane blir godt integrert i det norske samfunnet og greier å få ein jobb.

I 2020 har firmaet etablert ein folkeverkstad i Fyresdal sentrum, og ser på moglegheiten for å bli ein sosial entreprenør.