Forskarpatruljen

Bakgrunn

- Bluebot, micro:bit, koding, programmering, 3D-tegning og den algoritmiske tenkeren -

 

Det er mange begrep i den teknologiske verden.

 

Vi vil bidra til at vår region får kunnskapsrike barn med interesse for realfag, dei skal vere vitebegjærlege og lystne på å lære meir. I framtida vil vi trulig sjå ei auka interesse for utdanning innanfor realfag dersom vi kan stimulere barna til å bli nysgjerrige og interesserte i tidleg alder. Vi vil gje barna opplevingar som vekkjer interesse, gje mestringsfølelse og skaparglede.

 

Vest-Telemark er eit stort geografisk område med spreidd busetnad og store avstandar. Kombinasjonen av stramme kommunale budsjett og store avstandar fører til at besøk til det regionale vitensenteret ikkje blir prioritert. For barnehagar er det ikkje mogleg å gjennomføre slike reiser.

Korleis?

Forskarpatruljen skal sikre at barna i vårt distrikt får ta del i den teknologiske utviklinga på lik linje med barn som veks opp i større tettstadar og i byane. Fokus på berekraft og det grøne skiftet inneber at framtidas arbeidsplassar i stor grad må bli skapt av våre barn. Ved å legge til rette for kreativitet, innovasjon, kritisk tenking, problemløysing og evne til å utforske, vil barna våre kunne møte arbeidslivet med innovasjon og nytenking.

Forskarpatruljen skal «patruljere» vårt distrikt og besøke skular og barnehagar med alderstilpassa aktivitetar frå DuVerden vitensenter. Aktivitetane oppfordrar til utforsking, nysgjerrigheit, skaparglede, problemløysing og samarbeid innanfor realfag og teknologi. Vi vil leggje vekt på gode læringsopplevingar i trygge og gode omgjevnader. Dette skal gje barna meistring, nye interesser, positive opplevingar med samhandling og vidare motivasjon for læring.

 

Forskarpatruljen ynsker å besøke alle barnehagar og skular i Vinje, Tokke, Kviteseid, Nissedal og Fyresdal med pedagogiske opplegg utarbeidd av DuVerden. Opplegga byggjer på rammeplanen for barnehagane, og læreplanen til skulane. Vi vil vere eit lite vitensenter på hjul, som kjem til barna der barna er, og vi har med alderstilpassa, spanande og moderne utstyr. Vi har kompetente folk med fagkunnskap på området, og vi har erfaring i å formidle.

 

Se gjerne filmen vår: hhttps://www.youtube.com/watch?v=7SrFtXM3S_Q&t=2s

 

Vi søker nå etter sponsorer. 

 

Bluebot

Vi har hatt to grupper frå Fyresdal barnehage på besøk. Dei fekk lære om aldersgrenser og enkel programmering av Bluebot.