Vi har ansvaret for flyktningtenesta i Fyresdal kommune.
Det inneber:
- Mottak av nye flyktningar (etter vedtak i kommunen)
- Ansvar for integreringsarbeidet i Fyresdal kommune
- Gjennomføring av introduksjonsprogrammet
Integreringsarbeidet:
Integreringskoordinatoren har ansvar for integrering av familiane som blir busette i kommunen.
Dette inneber:
- Finne eigna bustader, i samråd med kommunen
- Innreie bustaden med det nødvendige utstyret
- Ordne avtaler med offentlege kontor i kommunen, som lege, helsestasjon, politi, skule, tannlege og andre som flyktningane treng kontakt med
- Hjelpe familiane med å finne seg til rette i kommunen, og med praktiske ting i kvardagen, der dei ikkje kan gjere seg forstått på norsk, eller forstår arbeidsmåtane i det norske samfunnet
- Sakshandsaming, vedtak av ulike slag
- Sjå til at retningslinene frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) blir fylgde