Om oss
Attføringsbedrifta Telemark Lys AS ligg i Fyresdal i Vest-Telemark.
Vårt mål som attføringsbedrift er å gjere ein best mogleg jobb
for å medverke til at fleire beheld arbeidet eller kjem ut i
arbeid. I fyrste halvår 2011 har vi hatt 100% formidling til
jobb.
For å nå dette målet nyttar vi fleire verkemiddel, og vi legg vekt på at kvar einskild deltakar sjølv er aktivt med på å finne kva som er det mest tenlege for han/henne. Saman utformar vi slik eit individuelt tilpassa tilbod.
Vi har fleire ulike arbeidsarenaer internt i bedrifta for å kunne dekkje så mykje som mogleg av det deltakarane våre har behov for. I tillegg nyttar vi den ordinære arbeidsmarknaden til opplæring og arbeidstrening.

