Eksempel på kurs:
I samarbeid med Vest-Telemark Ressurssenter tilbyd vi kurs i
grunnleggjande datakunnskap i Arendal Kretsfengsel, avd.
Kleivgrend. Lærar køyrer opp i leiren, og vi nyttar ressurssenteret
sine berbare datamaskiner.
Kurs i grunnleggjande norsk for vaksne innvandrarar som ikkje har
rett og plikt til norskundervisning. Kurset vert halde i tråd med
læreplanen for vaksne innvandrarar, og har som mål å føre
deltakarane fram til språkprøve 2 og 3. Desse kursa har ein svært
rask progresjon og krev mykje eigeninnsats.
Eigenfinansiering
- Kurs i datakortet på oppdrag frå Nav:
Vi underviser i datakortet på oppdrag frå Nav, og skreddarsyr
kursa etter ynskje frå kunden. Vanlegvis blir kursa lagt opp som
deltidsundervisning og delvis heimearbeid.
Ta gjerne kontakt med oss eller Nav for nærare
informasjon.