Integreringsarbeidet

Integreringskoordinatoren har ansvar for integrering av familiane som blir busette i kommunen.
Dette inneber:
  • Finne eigna bustader, i samråd med kommunen
  • Innreie bustaden med det nødvendige utstyret
  • Ordne avtaler med offentlege kontor i kommunen, som lege, helsestasjon, politi, skule, tannlege og andre som flyktningane treng kontakt med
  • Hjelpe familiane med å finne seg til rette i kommunen, og med praktiske ting i kvardagen, der dei ikkje kan gjere seg forstått på norsk, eller forstår arbeidsmåtane i det norske samfunnet
  • Syte for tolk der det er nødvendig
  • Sakshandsaming, vedtak av ulike slag
  • Sjå til at retningslinene frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) blir fylgde