Opne kurs

Frå tid til anna arrangerer vi kurs som er opne for andre enn dei som deltek på eit av dei faste tilboda våre.
Den 16.1.2012, har vi fylgjande informasjon frå kursansvarleg Hege Stiansen:

Norskkurs for vaksne innvandrarar
Nytt kurs!!!!
Vi startar opp med begynnarkurs i norsk for framandspråklege denne veka (veke2). Vi brukar læreverket På vei, progresjonen legg vi opp etter gruppa sine behov.

Det er framleis plass i den vidarekomne gruppa, det er ei lita, hyggeleg gruppe med flittige studentar. Progresjonen er rask, men tilrettelagd for kvar student. Vi er godt i gang med læreverket Stein på stein, og jobbar mot språkprøve 3.

Vi har plass til fleire deltakarar på begge kursa, og er dette aktuelt for deg eller nokon du kjenner, så er du/dei meir enn velkomne. Det er undervisning tysdag og torsdag annankvar veke.


Ta kontakt med oss.

Hege
Her kan du lese meir om:

Visjon
Formål
Etiske retningsliner
Eigar-Styre

Vi byggjer på verdiane:
Vidsyn - Varme - Vågemot
Les meir om dette i vår Kvalitetspolitikk