Om oss

Telemark Lys AS ligg i Fyresdal i Vest-Telemark. Det er ein arbeids-, inkluderings og integreringsbedrift.

Vi har eksistert som eige aksjeselskap sidan 1993, og er 100 % eigd av Fyresdal kommune. Bedrifta er solid, med ein eigenkapital på 10 millionar kroner og ein årleg omsetnad på om lag 10 millionar.

Vårt mål er å gjere ein best mogleg jobb for å medverke til at fleire beheld arbeidet eller kjem ut i arbeid. og at flyktningane blir godt integrert i det norske samfunnet og greier å få ein jobb.

For å nå dette målet nyttar vi fleire verkemiddel, og vi legg vekt på at kvar einskild deltakar sjølv er aktivt med på å finne kva som er det mest tenlege for han/henne. Saman utformar vi slik eit individuelt tilpassa tilbod.

Vi har fleire ulike arbeidsarenaer internt i bedrifta for å kunne dekkje så mykje som mogleg av det deltakarane våre har behov for. I tillegg nyttar vi den ordinære arbeidsmarknaden til opplæring og arbeidstrening.